tirsdag 16. november 2010

Sang på Hjellvik

Fredag 26. november skal osterfjordgutane syngja på Hjellvik bedehus på Osterøy. Det gleder me oss til. Vonar at alle øyingane kjem, og tek med seg ein venn. ikkje fordi me kjem, men fordi me trur at Jesus kjem! Og der Han er, Han som er det eneste navnet vi kan bli frelst ved, der vil me vera, og der bør du vera!


Apg.4.12. Og det er ikke frelse i noe annen. For det finnes ikke noe annet navn under himmelen, gitt blandt mennesker, som vi kan bli frelst ved.

søndag 7. november 2010

Ei flott helg på Fedje

Då e me komt oss heim. Ole-Jørgen og Camilla er på brannkamp, Svein-Inge i kirka, Ole veit eg ikkje (hører sikkert på ein andakt) mens eg sit her i stua og skriv! Tusen takk for ei flott helg på Fedje. Me koste oss! Konsert på skulen, aktivitetar og møter i bedehuset. KaNoN! 

Spesielt flott var det at mange ville følge Jesus. Det er det som betyr noko, og derfor me reiser. Så no vert da sendt mail til dei som skreiv seg på listo, innen neste veke. Mailen vil inneholda bibelvers, eit lite bibelopplegg, og spørsmål til samtala. Saml deke, og snakk om mailen, og Jesus! (Det er jo ein av dei 4 B`ane)

Shalom, og så snakkast me. Bilder og slikt kjem!

mandag 1. november 2010

Ungdomshelg på Fedje!


No er det ikkje lenge til UNGDSOMHELG PÅ FEDJE! I den anledning legg me ut programmet for helga her!
Det vert MØTE med ANDAKT og allsong med FULLT BAND!
Det vert UNGDOMSKLUBB, bordtennis, kortspeling, singstar og sosialt KJEKT!

Torsdag:
19.30: Møte! Etter ein del oppe, fortset møtet i kjellaren med U-klubb fram til 21.30.

Fredag:
19.30: Møte! Etter ein del oppe, fortset møtet i kjellaren med U-klubb!

Laurdag:
15.00: Aktivitetar: - Fotball
- Band-seminar (lær deg å spele i eit band)
- Bordtennisturnering
- Med meir.
19.30: Møte! Etter ein del oppe, fortset møtet i kjellaren med U-klubb!

Sundag:
12.00: Møte!
Alle ungdomar klarar å kome seg opp til kl.12, så då er det berre å ta turen til bedehuset!



Me i Osterfjordgutane gler oss i vertfall HEISE MYKJE til helga på Fedje Bedehus! Og håpar me sjåast der!