Ja, no har me i Osterfjordgutane endeleg fått bearbeida inntrykka me fekk på den flotte møtehelga på Fjon Fjellkyrkje. Og konklusjonen må verta: "Da va no kjekt og!"
Me hadde møte kvar kveld frå torsdag til sundag, der me song i lag, hadde solosong, opning av lokale ungdomar og andakt.
Laurdagen må vel seiast å ha vore høgdepunktet. Då byrja me allereie kl. 1400 med graut, og fortsette utover dagen med spel, fotball, musikk og anna kjekt! Ein veldig gøy dag, som i likhet med dei andre dagane vart avslutta med møte på kvelden :D
Spesielt tøft var det av dei ungdomane som var med å deltok på møta. Konstanse, Anna og Henriette som opna nokre av møta, og Rakel og Anna, Viktoria og Maria som song laurdag og sundag. Dei var veldig flinke, og gleda oss med sine bidrag!
Me fekk og høyra god forkynning igjennom helga, ved dei fire medlemane av Osterfjordgutane :D
Alt i alt må det seiast å vere ein vellukka helg, og me gler oss til fortsetjinga, nemleg på Fedje 4-7. november!