torsdag 16. september 2010

Det nærmar seg!


No nærmar det seg med stormsteg møtehelg på Fjon fjellkyrkje!
Me i Osterfjordgutane gler oss veldig!

Litt info om helgja:
Møtene vert:

Torsdag (30.sep) kl. 19.00
Fredag (1.okt) kl.19.00
Laurdag (2. okt) kl.19.00
Sundag (3.okt) kl.17.00

Laurdag er det litt ekstra. Då startar me kl. 14.00 med graut, og fortset utover dagen med ulike aktivitetar (turneringar, seminar, band, o.l). Kl. 18.00 vert det meir mat, denne gongen hot-dog! Så me skal ikkje lida nokon naud ;D

Hjarteleg velkomne skal de vera!
Fjon fjellkyrkje torsdag 30.sep kl.19.00

Ellers er det kanskje verdt å nemna at Osterfjordgutane kjem til å vere i fjellkyrkja heile helga, så viss nokon vil stikka innom og slå av ein prat, eller kanskje be litt, før møtet ein kveld, er de hjarteleg velkomne til det!

Shalom

lørdag 11. september 2010

Møteveka på Seim

Som mange sikkert har fått med seg, er det blitt utvida møteveke på Seim. Halleluja! Tor-Ingvalden forkynner Guds Ord, og det er eit flott fellesskap. Torsdag 9.sep var osterfjordgutane så heldig at me fekk vera med å spela lovsang på Seim. Det var ein fantastisk kveld, og me kjente at Guds Ande var sterk tilstedes. Me fekk alle ei berøring av Gud den kvelden, og me  i osterfjordgutane håpar at det vil fortsetta på Seim, og at vekkelsensanden må spre seg vidare i Nordhordland! 

Gud vil, og kan! La oss be, vitna og minna kvarandre på Hans herlighet og nåde!


Shalom

Møter x 3 :D

Fra i dag, 13 sep., skal osterfjordgutane vera med på tre ungdomsmøter. Det første går av stabelen i kveld, på Romarheim In Puls:) Takker for forbønn.
Neste er mandag, då er det Hugsvær i Masfjorden, og på onsdag er det Sannnes Ten-klubb:) Takk for forbønn! Håper Gud kan bruka oss der, og at Han vert stor:)

Shalom