torsdag 17. mars 2011

Møtehelg på Kløvheim!


Ei lita stund har gått, og me i Osterfjordgutane er igjen klare for ei knall møtehelg!
Me hadde det utruleg kjekt på Eknes og Ostereidet sist gong, og no er altså turen komen til Kløvheim.
Me gler oss til møter med song, kjekke folk, god mat og ikkje minst Jesus!

Tema for helga er: "Da gjeld livet!" og det er eit spanande emne!

Shalom

fredag 11. februar 2011

Møteveke i Osterfjorden

10.-13.Feb er det møteveke på Fredtun bedehus (Eknes) med osterfjordgutane. Me sysn det er kjekt å ha møte i osterfjorden, sidan me har namnet vårt dar i frå! Du er hjartelig velkommen!

Torsdag: 1930 i bedehuset

Fredag 2000 - ungmesse i Ostereidet Kyrkje.

Laurdag 1530 - seminar "Gråsoner i livet, i bibelens lys" og møte kl. 1939. Begge deler i bedehuset

Sundag 1100 - Familiemøte i bedehuset


Det ver kveldsmat laurdagskveld på bedehuset:) Og dei andre kveldane vert da og noko og eta:)

Alle kveldane vil det vera forkynnelse, song, samtaler, forbønn, bønn og mykje anna kjekt!


Shalom!

tirsdag 16. november 2010

Sang på Hjellvik

Fredag 26. november skal osterfjordgutane syngja på Hjellvik bedehus på Osterøy. Det gleder me oss til. Vonar at alle øyingane kjem, og tek med seg ein venn. ikkje fordi me kjem, men fordi me trur at Jesus kjem! Og der Han er, Han som er det eneste navnet vi kan bli frelst ved, der vil me vera, og der bør du vera!


Apg.4.12. Og det er ikke frelse i noe annen. For det finnes ikke noe annet navn under himmelen, gitt blandt mennesker, som vi kan bli frelst ved.

søndag 7. november 2010

Ei flott helg på Fedje

Då e me komt oss heim. Ole-Jørgen og Camilla er på brannkamp, Svein-Inge i kirka, Ole veit eg ikkje (hører sikkert på ein andakt) mens eg sit her i stua og skriv! Tusen takk for ei flott helg på Fedje. Me koste oss! Konsert på skulen, aktivitetar og møter i bedehuset. KaNoN! 

Spesielt flott var det at mange ville følge Jesus. Det er det som betyr noko, og derfor me reiser. Så no vert da sendt mail til dei som skreiv seg på listo, innen neste veke. Mailen vil inneholda bibelvers, eit lite bibelopplegg, og spørsmål til samtala. Saml deke, og snakk om mailen, og Jesus! (Det er jo ein av dei 4 B`ane)

Shalom, og så snakkast me. Bilder og slikt kjem!

mandag 1. november 2010

Ungdomshelg på Fedje!


No er det ikkje lenge til UNGDSOMHELG PÅ FEDJE! I den anledning legg me ut programmet for helga her!
Det vert MØTE med ANDAKT og allsong med FULLT BAND!
Det vert UNGDOMSKLUBB, bordtennis, kortspeling, singstar og sosialt KJEKT!

Torsdag:
19.30: Møte! Etter ein del oppe, fortset møtet i kjellaren med U-klubb fram til 21.30.

Fredag:
19.30: Møte! Etter ein del oppe, fortset møtet i kjellaren med U-klubb!

Laurdag:
15.00: Aktivitetar: - Fotball
- Band-seminar (lær deg å spele i eit band)
- Bordtennisturnering
- Med meir.
19.30: Møte! Etter ein del oppe, fortset møtet i kjellaren med U-klubb!

Sundag:
12.00: Møte!
Alle ungdomar klarar å kome seg opp til kl.12, så då er det berre å ta turen til bedehuset!



Me i Osterfjordgutane gler oss i vertfall HEISE MYKJE til helga på Fedje Bedehus! Og håpar me sjåast der!

torsdag 21. oktober 2010

Ei flott helg på Fjon!


Ja, no har me i Osterfjordgutane endeleg fått bearbeida inntrykka me fekk på den flotte møtehelga på Fjon Fjellkyrkje. Og konklusjonen må verta: "Da va no kjekt og!"
Me hadde møte kvar kveld frå torsdag til sundag, der me song i lag, hadde solosong, opning av lokale ungdomar og andakt.
Laurdagen må vel seiast å ha vore høgdepunktet. Då byrja me allereie kl. 1400 med graut, og fortsette utover dagen med spel, fotball, musikk og anna kjekt! Ein veldig gøy dag, som i likhet med dei andre dagane vart avslutta med møte på kvelden :D
Spesielt tøft var det av dei ungdomane som var med å deltok på møta. Konstanse, Anna og Henriette som opna nokre av møta, og Rakel og Anna, Viktoria og Maria som song laurdag og sundag. Dei var veldig flinke, og gleda oss med sine bidrag!
Me fekk og høyra god forkynning igjennom helga, ved dei fire medlemane av Osterfjordgutane :D

Alt i alt må det seiast å vere ein vellukka helg, og me gler oss til fortsetjinga, nemleg på Fedje 4-7. november!

torsdag 16. september 2010

Det nærmar seg!


No nærmar det seg med stormsteg møtehelg på Fjon fjellkyrkje!
Me i Osterfjordgutane gler oss veldig!

Litt info om helgja:
Møtene vert:

Torsdag (30.sep) kl. 19.00
Fredag (1.okt) kl.19.00
Laurdag (2. okt) kl.19.00
Sundag (3.okt) kl.17.00

Laurdag er det litt ekstra. Då startar me kl. 14.00 med graut, og fortset utover dagen med ulike aktivitetar (turneringar, seminar, band, o.l). Kl. 18.00 vert det meir mat, denne gongen hot-dog! Så me skal ikkje lida nokon naud ;D

Hjarteleg velkomne skal de vera!
Fjon fjellkyrkje torsdag 30.sep kl.19.00

Ellers er det kanskje verdt å nemna at Osterfjordgutane kjem til å vere i fjellkyrkja heile helga, så viss nokon vil stikka innom og slå av ein prat, eller kanskje be litt, før møtet ein kveld, er de hjarteleg velkomne til det!

Shalom